VALLDAL – EIT OPPLEVELSES OG AKTIVITETS MEKKA

Valldal er ei perle på indre Sunnmøre og ligg perfekt plassert mellom Trollstigen og Geiranger. Valldal er omgitt av høge fjell som gir et godt klima og et ypperlig utgangspunkt for nydelige fjellturer. Naturen i Valldal byr på det beste av det Norge og Vestlandet har å tilby med bratte fjell som stuper rett ned i fjordane. Verdensarv fjorden Tafjord startar med utgangspunkt i Valldal og er en opplevelse du sent vil glemme. Her får du nyte vakker norsk natur og beundringsverdige fjellgårder uten forstyrrelser fra store cruise skip, er du heldig kan du også få sjå den lille hvalarten Nise leike i fjorden.

 

VALLDAL NATUROPPLEVINGAR

En av de beste måtene å oppleve Valldal og naturen vi har å tilby er gjennom Valldal Naturopplevingar. Her kan du i sommer sesongen oppleve Rafting i Valldøla dersom du liker litt action og ikkje er redd for å bli våt. Når elva har for lite vatn for rafting åpnar det muligheten for Juving i juvet nedom det berømte Gudbrandsjuvet. Her blir det bading, hopping, klatring og mykje morro i og i tilknytning til elva.

For dei som likar å halde seg tørr kan en oppleve Klatring og grottevandring i Fjøra. Det er klatreruter som gir litt utfordringer til alle og en hver. Dei tøffaste kan og prøve seg på rappelering 30 meter i det som som ser ut som rett ned i fjorden. Grottevandringa er ein stilig tur ned i ei steingrotte med gangar som gjeng heilt ned i sjøen.

Den vakraste måten å oppleve verdensarv fjordane på er frå fjorden sjølv. Her kan du enten leige havkajakker og utforske fjorden på egenhand, eller du kan legge ut på ein guidet tur som tek for seg heile spekteret langs fjorden med fjellgarder og naturbegivenheter.

 

VALLDAL AKTIVITETSPARK

Valldal Aktiitetspark var nyoppstarta i 2014 og har ein innhaldsrik og utfordrande klatrepark fra Høyt og Lavt. I tillegg har trolla fra Trollstad sitt tilhald her i sommar månadane og held både danseshow og trollskule for dei minste.

Dette er ein perfekt aktivitet for heile familien, men gløm ikkje å forhandsbestill bilettar; det kan fort værte fullt sommarane.

 

KULÅ

I sentrum av Valldal finn du Kulå bowling. Her kan du bowle med hele familen på flotte “discobowling” baner. Du kan også nyte ein stor Kulå pizza eller ein utepils i fineveret for dei vaksne.

Gjennom heile sommaren er det regelmessig arrangement og konsertar både ute og inne på Kulå, følg med på kalenderen på deira heimeside.

 

TAFJORD KRAFT- OG SKREDSENTER

Når du er i Valldal bør du legge inn ein svipptur til Tafjord og oppleve det nye kraft- og skredsenteret. Her kan du gå gjennom og oppleve historia til kraftutbygginga i Tafjorden på kraftmuseet. Dei har ein 12 meter høg klatrevegg som er åpen enkelte dagar om sommaren for dei aller tøffaste.

“Natt til 7. april 1934, var katastrofen eit faktum for dei vesle bygdesamfunna Tafjord og Fjørå.
Eit massivt skred på rundt 3 million kubikk utløyste ein tsunami i fjorden som tok livet av 40 menneske då bølgjer opp til 17 meter høge slo inn over land.”

Kraft- og Skredsenteret gir deg ein følelse av kordan det var for dei som opplevde denne tragedien i 1934. I tillegg får du mykje anna nyttig og spennande informasjon om skred generelt. Dette er både spennande og lærerikt for alle aldera.

 

FOTTURER I FJELLET

Som det allerede blei nevnt heilt øverst er Valldal eit fantastisk utgangspunkt for mykje fine fjellturar og naturopplevelsar. På morotur.no har Møre og Romsdal fylket laga ein portal for å samle alle turar i fylket. Mange turbeskrivelsar finn du nok der (og fleire blir det), ellers er vi på Valldal Camping behjelpelige med tur beskrivelser samt utlån av kart og turbøker til våre gjester.

 

LIVSKRAFTPORTALEN

Livskraftportalen er ei samling av det meste som rører seg i Valldal enten det er underhaldning, næringsliv, eigendom eller fritid. Den blei lansert i 2015 og vært stadig betre. Absolutt verdt å sjekke ut!

 

KULTURKALENDER NORDDAL

Norddal Kommune har ei samling av kultur begivenhetene som skjer i Kommunen. Dersom du planlegg tur eller skal være i Valldal ei stund kan det være greit å sjekke innom der for å få med seg kva som skjer på kultur fronten.

 

VALLDAL SUMMER GAMES

Årets store begivenhet i Valldal er friluftsfestivalen Valldal Summer Games. Kvart år dei siste 6 åra har det i første helga i juli samla seg mykje sprek ungdom i Valldal som bla. syklar ned bratte fjellsider, padlar kajakk i elvene på dei utruligste stadane, klatrar, raftar og mykje meir. I forbindelse med festivalen møtest også mykje ungdom frå heile landet som berre ønkser å oppleve den gode stemninga som er i Valldal under leikane.

Dette er absolutt noke som er verdt å få med seg, enten du er av den galne typen, eller berre likar god stemning og eit godt lag.

 

SKISENTER

Mange trur Valldal berre har noko å tilby sommarane, men sannheita er at det er minst like vakkert her om vinteren når fjella er fylt med snø. Berre 30 min unna ligg skisenteret Arena Overøye, og 45 min unna ligg det berømte frikjøringssenteret Strandafjellet. Ønsker du å sjonglere mellom skianlegga, bo litt vekk frå larmen ved sentera, eller berre ønsker ei litt billigare overnatting er det midt i blinken å ha Valldal som eit utgangspunkt.

 

TOPPTUR MULIGHETER

Dersom du er av den litt meir dristige typen som heller vassar timesvis oppover i laussnøven en å dele snøven med mange andre er Valldal rett og slett eit uoppdaga paradis. Vi har ein heil drøss av lett tilgjengelige toppturar med mellom 1000 og 1500 hdm med skikjøring. Med bratte fjell på alle kantar finn ein alltid ein perfekt tur til dei forskjelige forholda og ein kan fint kjøre ski langt ut i juni om ein er ekstra ivrig. Det vil etter kvart komme ein god del turtips på morotur, men det ligg alltid mykje lokal kunnskap om ein berre spør.